Category Archives: Faiz Ahmed Faiz

Utan tittel av Faiz Ahmed Faiz

Gjer kjærleikens uskyld mindre
dei skuldfulle augekasta blygjer.

Faiz Ahmed Faiz, gjendikta av Assad Nasir
Publisert i Mål og Makt

Må Gud ikkje bringe ei tid

Må Gud ikkje bringe ei tid kor du fyllast av sorg
at sorglaus søvn skal bli haram
også for deg
at gledene skal ta slutt
også for deg
at livet skal bli eit beisk beger
også for deg
Må sorgas fråvær fylle ditt hjarte
at rastlause blir igjen
at umåteleg smerte blir igjen
at din ungdom ikkje blir anna enn ein draum
Må din prakts hovmod vere verdt å sjå
i lange netter lengtar du etter ro
ditt augekast lengtar etter ein å dele sorga med
hausten lengtar lenge etter våren
ingen panne legger seg på din dørstokk
gleder deg med vørdnad
lovnaden du ikkje litar på litar på morgondagen
Må Gud ikkje bringe ei tid kor du minnast
hjarte som framleis fortapar seg i deg
dei augo som framleis ventar på deg.

Faiz Ahmed Faiz, gjendikta av Assad Nasir
Publisert i Mål og Makt nr 3 2012