Home

Eg valde å stå opp i dag tidleg.
Sette føtene på det kolde golvet
såg støvstripa inn i rommet
dei små korna som flaut rundt
forsvann inn i skuggen, nokon nye
kom til frå skuggen før også dei
flaut vidare.

Eg valde å gå ned trappane heime
etasje etter etasje, forbi dørene til
naboane mine som eg ikkje kjenner
forbi alle liva på andre sida
etasje etter etasje, ut i drabantbylufta.

Eg valde å dra på jobb, fordi ein ikkje
overlev på luft åleine. Sjølv ikkje kjærleiken
lev på luft åleine, men det er ei fri verd
som då det vakraste smilet eg hadde
sett valde at ho ikkje kunne vere i lag med ein
brun ein som meg og eg valde å gå derifrå
med hjartet i den eine handa og livet i den andre.

Så kan ein spørje om det var val eller vald eller båe,
men nokon seier glaset er halvfullt, andre seier
glaset er halvtomt, og du vel korleis du vil sjå på det
og nokon syng val etter val, val etter val
men har du ikkje lurt på kor mange val du tek frå du
slår søvnen ut av augo til du lukkar dei igjen, og nokon
eg har møtt sa at Gud har sine måtar, og at Han vel at
du skal vakne etter søvnen når du er i ein tilstand av
død, og at Han vel at milliardar av menneske står opp
frå døden kvar morgon, og legg seg kvar natt for å
møte sin skaper
og vel å stå opp morgonen etter
vel å gå ut, på jobb eller berre gå ut
vel å leve, eller å lide, eller ingenting
for det og kan vere eit val
som å stemme blankt ved politiske val
eller å la vere å stemme, å velje sofaen
å sjå politikarane på tv-skjermen med sine
lovnadar om kva dei vil eller ikkje vil om ein
vel dei.

Å velje og å ville er to sider av same lest,
men ikkje alle får båe
og nokon får ingen av dei
men vi vel likevel
å tru at livet vi lev er valt av oss sjølv.

 

Assad Nasir
21.08.2017

Publisert i Mål og Makt nr. 2 2017

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s