Home

er trua
vi må ta vare på Kulturen.
verne han, frå tid, frå stad,
frå folk
politikarane kappar om å verne han
for å vise at dei lyttar, tek folk på alvor,
og i alvorlege stundar blir søvnlause fordi
Kulturen. er trua som om sjølve livet står på spel
om ikkje livet så sjela, om ikkje sjela så tanken, om
ikkje tanken så spørsmålet, som hola
under bakken vi ikkje lenger kryp inn i sjølv om
han er trua.

Kulturen. Kva er? Kvae? Som myggen i juratida set seg fast i
og blir kapsla for så å bli funnen att millionar av år seinare
bli dyrka fram frå ingenting til noko ein vil ha, eller ikkje vil
ha likevel for tanken var ein annan stad og røynda var her
og vi sit på hytta med Snorre, eller i byen med Bjørneboe
og nokon får ein kanon idè om å lage ein kanon for alt
for å sikre seg at han som er trua blir uthula og døyr einsam
på pidestallen utan rot til røynda, høgt der oppe som er verd
noko ingen veit lenger kva er… anna enn at han er jævleg bra
så vi er nøydt til å verne han og kalle han kulturarva vår som
berre vi har berre vi og ingen andre enn berre vi som har funne
på før nokon andre så vi blir Kulturnasjon med stor K og seinare
KulturNasjon med stor N og seinare KULTURNASJON med berre VERSALAR
større ein Versailles og Paris og Roma og Verda fordi vi er
KULTURNASJON med berre VERSALAR
fordi vi er Kultur. punktum

13.02.2017

Publisert i Mål og Makt nr. 1 2017

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s