Home

du er skamlaus, sa dei
du er ein skam
for far og mor, og systera di, brørne dine, for besteforeldra,
for dei som er daude, for lengst, for dei som ikkje er fødd enno,
for dei som blir fødd akkurat no, som pressar seg fram gjennom livmorhalsen,
gjennom den ruglete skjeden, pressar seg fram, ein skam
gjennom skjedeopninga, med hovudet fyrst, så ho rivnar
ein skam, du som har rivna før bryllaupsnatta,
du som ikkje kan vise fram jomfruhinna,
sjølv om ho aldri fanst

 

du er skamlaus, sa dei
du som tek den skrikande ungen i armane
du som før han, som blottar puppen på offentleg stad
legg barnet inntil så han fell til ro
hengjande fast i brystknoppen til han blir sår
du som viser deg slik fram for alle
utan å dekkje deg til
fostrar liv, først i deg, så med deg,
ein skam

 

du er skamlaus, sa dei
du som viser akslane, leggene, låra, armane,
du som viser deg sjølv fram, er deg sjølv
du som snakkar høgt,
høgt og tydeleg, du som tenkjer og meiner og synast
om alt og ingenting, kviskrar og ropar,
når du syng, strammar stemmeband, pustar,
lev, lystar, strammar musklar, store og små,
ser på menn, du er skamlaus, sa dei
når du slepp deg laus, og hylar, i stua
i senga, når du mettar lysta, fyller, åleine
eller saman med nokon
skamlaus er du, sa dei
når du lev, er eit menneske, fordi du er
til, fordi du er deg, fanga når du dekkjer deg
til, ufri, ein slave i sinn, ein slave i kropp
alltid og evig, uansett
fordi du er skamlaus du, sa dei
fordi du
er

 

Publisert i Mål og Makt nr 3, 2016

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s