Hva er en bok? (Kristina Leganger Iversen)

I utgangspunktet var ideen å intervjue folk. Men så kom jeg på et spørsmål som fortjener å stå for seg selv. Som ikke må drukne i et mylder av spørsmål. Da sendte jeg ut det ene spørsmålet til diverse folk, kjente som ukjente. Hvis du nå har lest tittelen på dette innlegget vet du allerede at det ene spørsmålet er Hva er en bok?

Det har etter hvert blitt litt av en samling med folk som har svart på spørsmålet. Vi begynte med Thomas Hylland Eriksen, så har vi hatt Tom Egeland, Ingrid Schibsted Jacobsen og Frode Grytten på bloggen.

I dag er det ingen ringere enn Kristina Leganger Iversen som skriver:

Kva er ei bok? Om eg lukkar auga og smakar på ordet kjenner eg dette: Vekta av henne i hendene, lukta av papir, kjensla av det, grovt eller fint, når eg blar gjennom sidene. Trykksverte som vert gnidd ut, kaffiflekker som spekkar sidene. Eg er ofte tøff mot bøkene mine. Tøff kjærleik: Eg tenkjer på feittete smussomslag som rivast opp og forsvinn.

Av alle artefaktar er bøkene dei som har følgt meg lengst og som sannynlegvis vil følgje meg lenge i tida framover. Men kva er ei bok? Kvar kjem ordet bok frå? Ordbøkene synast ikkje å vere samde. Nokon seier det kjem frå ordet «bøk», og synar til runer rissa inn på bøketavle. Andre igjen seier dette ikkje stemmer, og sporar boken attende til det gotiske «Boka», namnet på ein bokstav. Litt som på fransk, der ein brukar «belles lettres», vakre bokstavar, for litteratur. Men bøker og litteratur er jo ikkje lengre det same, og kanskje var det det aldri heller, for folk har jo skrive på rullar òg, så kva er ei bok, eigentleg, då?

Ein gong var ei bok ei samling ark med tekst og bilete. Ettersom printinga og papir blei både billegare og hurtigare oppsto nye, kjappe trykkeformat: Nyhende og sladder i aviser og magasin, stifta eller bretta, og ikkje sydd saman. Ei bok var laga for å skulle vare, og fram til den digitale revolusjonen var det nett det som skilte henne frå andre trykksaker. Ei bok var staden du plasserte dei orda som var verdifulle og varige nok til å fortene papiret det var trykt på, og tida, arbeidet og pengane det kravde å trykke det. Eller før den tid, å kopiere det, for hand, sånn munkar gjorde med bibelen. Bøkene har alltid vore plassen for nokre spesielle typar tekst, nemlig teksta som var mest verdifulle i samfunnet. Det er ikkje rart at det tok hundrevis av år før folkeeventyra kom ut i bokform.

Men i dag treng ikkje ei bok å vere trykt ein gong, i alle høve ikkje på papir. I dag flimrar bøkene over skjermar over verda, og folk treng ikkje vente på at papirstablane skal limast saman og sendast til deira bokbutikk. I dag flimrar bøkene gjennom universet, i usynlege fiberledningar og wifinettverk. Bøkene blafrar i lufta rundt deg, når som helst kan det vere ein krim i susande fart forbi deg til henne som sit bak deg på toget med ein kindle. Bøkene er blitt ein del av den store veven. Alle kan skrive, publisere, lese, eller det vil seie, alle som har ein pc, og som har internett. Og i verda er jo det ikkje alle, tvert i mot ganske få: I følgje statistikk frå international telecom union er det berre omlag 20% av folka i utviklingsland som har internett heime. Og om dei har internett heime, er det slettest ikkje sikker dei har iphonar, kindlar, eller lesebrett.

Bøker er med andre ord ein rikdom, som for oss nordmenn er så sjølvsagt og kollektivt tilgjengeleggjort at det lenger ikkje er noko stort ved han: Vi har bibliotek i kvar ein by og ofte i kvar bydel, vi har nettbøker som flagrar rundt oss og pocketar som kostar oss under ein timeløn. Vi har fri frå arbeid, vi har ferie, heile tidsrom blanke der vi kan synke ned i historier frå kvar avkrok av verda. Historier om folk som lev liv utan å kunne lese, skrive, og laste ned e-bøker, til dømes. 

Kristina Leganger Iversen har gjeve ut boka Hjartemekanikk (2011), sit i redaksjonen til FETT og Mål og Makt og held på med ei mastergrad i allmenn litteraturvitskap.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: