Home

I utgangspunktet var ideen å intervjue folk. Men så kom jeg på et spørsmål som fortjener å stå for seg selv. Som ikke må drukne i et mylder av spørsmål. Da sendte jeg ut det ene spørsmålet til diverse folk, kjente som ukjente. Hvis du nå har lest tittelen på dette innlegget vet du allerede at det ene spørsmålet er Hva er en bok?

I dag skriver forfatter Frode Grytten:

Ei bok er eit rom, eit stille rom, eit mørkt rom, eit lyst rom i flammar. Den gode boka er i alle fall på innsida. Opnar du ei bok går du inn i det rommet der vi elskar kvarandre, øydelegg kvarandre, løftar kvarandre, blir til kvarandre. 

Alle dei andre står på utsida, naboane står utanfor, kikkar kanskje nysgjerrig inn, fjernsynets snakkande hovud står utanfor parlamentsbygningar, utanfor ringhus, utanfor hus i brann, journalistar, biografar, dokumentaristar bankar på, vil inn, dei er utanfor. Boka er allereie innanfor, inne der alt det viktige skjer, inne der vi blir til menneske. 

Då eg som ung mann forsøkte å fatte meg sjølv, då eg verkelig stod utanfor i regnet, var boka det viktigaste rommet. Eg fann boka, eg gikk inn. Ei bok er eit rom, og eit bibliotek er ein heim. Eg voks opp på Odda offentlige bibliotek, krivavdelinga. Eg fann meg sjølv der inne, eg gikk inn i det rommet, såg meg rundt, forstod at eg var heime.

 

Frode Grytten. Forfattar. Frå Odda. Busett i Bergen. 51 år. Siste bok: Saganatt.

Foto: Hans Jørgen Brun

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s